Kosa seg på cup i Skjold
Rekordmange påmelde fotballspelarar sytte for at Tveit Cup i Skjold blei ein suksess.
Det var Skjoldar IL som sundag inviterte alle spelarar over 12 år og opp til seniornivå frå Skjoldar IL og samarbeidsklubbane Vikebygd, Vats og Vindafjord til fotballfest. Og det på banen framfor den nyspikra tribuna, som dei etter tre års jobb med å få den på plass kunne opne sundag.
Roma, Monaco og Wrexham
Spelarane deltok på mix-lag som vart trekte tilfeldig. Det var totalt åtte lag, med forskjellige lagnamn som det engelske fjerde nivå laget Wrexham eller Real Madrid, Barcelona, Roma, Monaco, Liverpool, København og Leeds. Deltakarane i interncupen syntest det var kjekt med ein interncup kor både gutar og jenter i alle aldrar spelar på lag. Til saman var det 83 spelarar som deltok i turneringa.