Øyvind Kaldheim (t.v) er ordførarkandidat for Etne KrF, mens Andreas Grumheden er ordførarkandidat for Etne Ap. I ei meiningsmåling for august er det deira parti som går mest fram på målingane, og det gjer siste innspurt av valkampen ekstra kjekk. Likevel er det valresultatet som er viktigast, og dei er spente på kva resultatet blir til slutt.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Kommuneval 2023
KrF går mest fram i Etne
I april var det Høgre, Frp og INP som gjekk mest fram, mens det i meiningsmålinga for august er Ap og KrF som har mest auke blant veljarane. Ordførarkandidatane Andreas Grumheden (Ap) og Øyvind Kaldheim (KrF) er spente på valresultatet til slutt.
I den ferske meiningsmålinga for august er det Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti som går mest fram i Etne kommune. Høgre har også framgang frå målinga i april, og er einaste parti som har gått fram på begge målingane Norfakta Markedsanalyse har utført for Grannar.
— Eg må jo seie eg er audmjuk over at så mange i kommunen har lyst til å gi KrF tillit til å vera med å styra kommunen, seier Øyvind Kaldheim etter at han har fått nyss i at KrF går fram frå 8,2 prosent oppslutning i april til 15,9 i august.
Skulle dette blitt valresultatet har KrF ikkje berre teke tilbake den eine plassen i kommunestyret dei mista i april, dei har også auka frå dei to setene dei har i dag, til tre.