Kurt B. Hagen er 1. kandidat for Industri- og næringspartiet i Etne.
FOTO: PRIVAT
Kurt B. Hagen er 1. kandidat for Industri- og næringspartiet i Etne. FOTO: PRIVAT

— Nokon må seie ifrå

Det er snart kommuneval og valkamp er i gang. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Her er det toppkanidaten til Industri og næringspartiet (INP) i Etne, Kurt B. Hagen, som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Politikken har vel kome krypande på meg som følgje av ei veksande uro. Uro for at skilnadane mellom folk blir større, og at det skjer vedtak og avgjerder eg ikkje kjenner igjen årsakane til. Vi blir meir og meir underlagt EU og blir som ein råvareprovins.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Seinare år kjenner fleire på at det å måtte velga mellom høgre eller venstre side, som uansett gjer vekk landet bit for bit. Så då blir det slik at nokon må gje ein lyd frå seg. Det nye partiet INP er eit slikt parti.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Veg. Samferdsel for distrikta. Trygg ferdsel som kan knytta bygdene saman. Det treng vi for å korta ned tida, særskilt mellom Skånevik og Etne. Slik at dei som arbeider i begge bygdene kan ferdast sikkert. Dette vil vere med på å oppretthalde skule og omsorg utover Etne sentrum.

Valvignett

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— I tillegg til trygge samferdsleårer treng dei unge tilbod om meir alternative aktivitetar. Eg brenn jo litt for motor, men også klatring, skyting og villmarka vår. Gratis SFO, eller kva med meir fellesskap mellom dei eldste og dei yngste.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja? 

— Eldrebølgja skal vera velkommen. Mange av dei eldre er sterke ressursar og har mykje å tilby. Men det skal ikkje kosta dei noko å bidra, tvert om. Me ønskjer ordningar som dekker utlegg og litt av tidsbruken deira. Bustadar og buforhold for eldra må styrkast.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Vi må ta eit steg tilbake, og auka breidda i landbruket. Det hjelper ikkje med digre bruk, når inntekta ikkje er der. Det er ikkje bonden sitt ansvar å fø landet, det er staten sitt ansvar å sørga for at nordmenn får norsk trygg mat.

— Kan Etne kommunen klare seg utan eigedomsskatt?

— Ja. Vi må i felleskap selje inn kommunen, både til dei som bur her, slik at ei blir verande, og dei som vil komme hit. Med lågare eigedomsskatt, og helst ingen, trur eg folk både vil etablera seg og gründe selskapa sine.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Ikkje med tvang. Det er greit å kunne styra mindre samfunn, og heller løysa større ting med interkommunale avtalar som til dømes Nav.

— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?

— Det har i mange år vore klager på mykje anna frå Tongane. Støv, støy, og lukt. Vi ønskjer absolutt fleire bedrifter og arbeidsplassar velkommen, men ikkje til ein kvar pris. Uansett, vent med å bygge biogassfabrikk til det kan visast til lukt- og støyfritt produksjon andre stader.

— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?

— Det er sikkert ting som kan forbetrast. Men skule i Skånevik må vi ha.

— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?

— Kulturhuset slit mykje grunna nedlegging av inntektsgjevande skule, utan å komma meir inn på det. Kva med auka bruk? Meir karate, meir handball, meir klatring – og kva med bil og motorsykkel og ein fiskefestival? Det må haldast liv i Skakke!

— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— Valet i år speglar mykje av den nasjonale politikken, energipolitikk, straumpriskrisa. Begge dei føregåande regjeringane har sørga for at alle er med på straumtrygd. I tillegg har vi over lengre tid hatt ein feilslått landbruks- og distriktspolitikk. Det kan ikkje skjerast ned meir. Og heile landet treng betre samferdsel. Også distrikta i distrikta, altså mellom bygder og inn i skog og dalar. Skånevik og Etne må ha tryggare veg som kortar reisetida mellom bygdene. Og E134 er viktig å halda press på. Tunnel i Røldal må vi ha. Og det må bli utan bompenger.

Faktaboks

Namn: Kurt B. Hagen

Alder: 53

Sivil status: Gift

Bustad: Etne