– Det byrja med at eg leste ein del om klima og slike ting. Så hadde eg kollegaer og kjente som presenterte Norgesdemokratene for meg. Eg har alltid vore vanleg samfunnsengasjert, men dei siste tre åra har eg vore aktiv partipolitikar.
— Kvifor vil du vere politikar?
– Med mål om at alle skal ha det bra, vil eg bidra til endring gjennom å forma og vedlikehalda samfunnet me bur i.
– Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
– Kampen mot vindkraft og dei som bidreg til å utvikla Dommersnes slik det er planlagt. Me har eit kommunestyre som einstemmig har vedteke utbygging utan å forhøyra seg i bygda. Kjem eg i posisjon vil eg òg ta tak i kommuneadministrasjonen for å sjå etter innsparingar og unødvendige stillingar.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Det må bli å behalda skular og barnehagar i småbygdene. Det kan kanskje bli dyrt, men det burde vera sjølvsagt at barn og ungdom ikkje skal bruka mykje av oppveksten på i årevis bli frakta over lange distansar.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Det må vera ein sjølvfølge at me tar vare på dei eldre på ein verdig måte. Det bør byggjast fleire eldrebustader lokalt i bygdene. Det blir store inngrep i eldre menneske sine liv slik det nå er når eldre er nødt til å flytta frå bygda dei kanskje har levd heile livet.
— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Eg driv sjølv i næringa, så eg veit at bonden sit att med altfor lite. Differansen på det bonden får i forhold til det ein betalar i butikken er på fleire hundre prosent. Det må fjernast nokre ledd, og norske produkt må prioriterast i butikkane. Me ser til dømes i dag import av biff frå Namibia, sauekjøt frå New Zealand, poteter frå Israel og svin frå Tyskland og Danmark. Det skal svara seg for forbrukaren å kjøpa norske produkt.
— Kan Vindafjord klare seg utan eigedomsskatt?
— Ja, og det sjølv om kommunen då mister litt inntekt. Det tapet må hentast inn sentralt, og dette må gjelda heile landet. Me kan ikkje bli skatta for å bruka eigen eigedom.
– Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
– Tja, for å skifte fylke og ta bort doble stillingar ser eg på som dyrt og vanskeleg. På sikt hadde det sikkert bidrege til betre økonomi.
— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
– Det er der folk er vane med at det har vore, så det er me veldig positive til. Ikkje alt treng sentraliserast til Ølen.
— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
– Ja. Det blei ikkje lagt ned skular, og slik bør det bli verande.
— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— Det bør ikkje utviklast slik det er snakk om i trinn to og tre. Westcon må gjerne utvikla sitt område, men ikkje med vindkraftsubsidiar frå staten. Det heile er eit luftslott som vil punktera, og då vil Westcon sitja att med eit kjempeanlegg. Allereie no er det tinglyst at fjorden kan brukast til mellomlagring av ferdigproduserte havvindfundament. Når vindmølleplanane anten har fått kollaps eller er fasa ut, vil offshoreplattformer koma. Det bør ikkje sjå ut i Vikebygd som i Ølensvåg.
– Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
– Me har det beste partiprogrammet og er er det einaste anti-globalistiske partiet i landet. Me set Noreg først.
Faktaboks
Namn: Trond Gunnar Christiansen
Alder: 48 år
Sivil status: Sambuar med Anette Audunsdatter, fire vaksne barn og to barnebarn
Bustad: Vikebygd (Tindeland)