Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.ARKIVFOTO: Arne Frøkedal
Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.

Debatt

Stø kurs framover med Mette Heidi

Me er veldig glade for at Mette Heidi har sagt ja til å vera Etne Senterparti sin ordførarkandidat for dei neste fire åra. Med seg på lista har ho fått med seg ein god gjeng av både av nye politiske krefter og folk med erfaring frå kommunepolitikken. Vidare er det eit breitt spenn i yrkesbakgrunn, friviljug engasjement og alder.

Mette Heidi har med si lange politiske erfaring, styrt kommunen med ei stø hand dei siste fire åra, og eg trur ho er sett på som samlande av dei andre partia og heile kommunestyret.

Eg kjenner Mette Heidi som eit samfunnsengasjert menneske, med stor arbeidskapasitet, som har lett for å koma i kontakt med folk. Hennar hovudprioritet gjennom er å vore å finna dei beste løysingane for Etne kommune og alle innbyggjarane her. Mette Heidi har eit stort hjarta for barn og unge, helse og omsorg, og har i heile si tid som politikar arbeidd hardt for at Etne kommune skal vera best mogleg rusta for å ta seg av born, ungdom, eldre og pleietrengande.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS