Terje Gravelsæter (t.v.) og Erle Mæland Aasheim i MCE AS er glad for den nye kontrakten dei har fått med og Geir Arild Søndenå og Ølen Betong.
FOTO: MCE
Største MCE-kontrakt nokon sinne
Etne-verksemda MCE AS har sikra sin største kontrakt i verksemda si historie. Det er vegprosjektet Rogfast på E39 som gir ringverknadar i både Ølensvåg og Etne.
Ølen Betong har som kjent fått ein stor kontrakt om levering av tunnel-element til verdas lengste undersjøiske tunnel, nemleg E39-prosjekt Rogfast mellom Bokn og Randaberg.
No har MCE AS i Etne fått kontrakt med Ølen Betong om leveranse av formutstyr til denne kontrakten. Dette utstyret skal produserast i MCE sine lokalar på Tongane i Etne.
— Tillitserklæring