— Eg vaks opp med politikk, og har alltid vore samfunnsengasjert. Eg kom inn i politikken første gong i gamle Vindafjord (1999-2002), så ein liten pause og så frå 2011 og fram til i dag.
— Kvifor vil du vere politikar?
— Eg kjenner mange folk i kommunen mellom anna frå tida som aktiv fotballspelar og trenar. På same vis som fotball, er politikk eit lagspel der ein finn fram til gode fellesløysingar
— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Samferdsel, bustadpolitikk, næringsområder, skule, helse og kommuneøkonomi. Det som gjer at det blir godt å leva og bu i Vindafjord.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— Gode skular og barnehagar, trygge og gode oppvekst vilkår og fritidsaktivitetar.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Ved å sikre at folk får bu heime så lenge som mogleg med støtte frå heimetenesta, men når dei treng tryggheit skal det vera institusjonsplassar.
— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Det er avgjerande å sikre eit økonomisk grunnlag slik at unge vil overta gardsbruka. Senterpartiet må framsnakka familielandbruket, landbruksmiljøet i kommunen og dei store ringverknadane primærlandbruket har for verdiskaping og sysselsetting i kommunen. Me må arbeida meir aktivt for at fleire vel å investera i garden sin, fornya driftsbygningane sine og satsa på gardsdrifta som leveveg
— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?
— Eigedomsskatten er eit viktig bidrag for Vindafjord kommune for å utvikla seg vidare og at folk i Vindafjord får dei tenester dei har rett på
— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Nei, me hadde folkeavstemming og då sa 75 prosent nei.
— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?
— Det skal byggjast ein ny symjehall og eit nytt bygdahus i Vats. Sommaren 2025 vil desse bygga stå ferdig og det vert godt å leggje bak seg ein vond periode etter at Vindafjordhallen brann ned i 2019. Den nye symjehallen er viktig for symjeundervisninga, for idretten og for innbyggjarane i Vindafjord og distriktet ellers. I bygdahuset vil Vatsbygda få tilbake ei sakna «storstove».
— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?
— Ja, me har nettopp hatt ein gjennomgang av skulestrukturen i kommunen der ein sa ja til dagens struktur.
— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?
— Vindafjord kommune i lag med Westcon har danna selskapet Windafjord Port, med sikte på å kunne bygge flytande havindturbinar
— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
— Distriktspolitikk, levande bygder, tenester nær folket, og tryggheit.
Faktaboks
Namn: Ole Johan Vierdal
Alder: 61
Sivil status: (Skriv gjerne namn og alder på evt. partnar, barn og barnebarn)
Gift med Else Berit, 3.stk barn (Gunnar 37år, Janne 36år, Ragnhild 32år) 8.stk barnebarn (Heine, Johanna, Oliver, Dennis, Frigg, Lukas, Alma og Eir)
Bustad: Vats