Mowi sitt anlegg i Fjæra.
ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Varslar søksmål mot staten
Lakseselskapet Mowi vil saksøkje staten fordi dei meiner botnfrådraget i lakseskatten er diskriminerande og i strid med EØS-reglane.
Lakseselskapet Mowi vil saksøkje staten fordi dei meiner botnfrådraget i lakseskatten er diskriminerande og i strid med EØS-reglane.
Mowi-sjef Ivan Vindheim hevdar skatten er innretta på ein måte som rammar store selskap uretteleg.
– Vi har testa dette i leiande juridiske miljø, som seier vi har ei god sak, seier Vindheim til VG.
Han meiner lakseskatten bryt med EØS-reglane når dei minste selskapa betaler mindre skatt på grunn av botnfrådraget i lakseskatten.
– Regjeringa har vore veldig tydeleg i retorikken sin om at det er dei fem store lakseselskapa dei vil ramme, seier Vindheim.
– Vi får no eit heilt anna reknestykke, som gjer at vi ikkje får investert så mykje som vi ønskjer. Då er det ikkje lønnsamt å vere stor. Ein konsekvens er at selskapa blir splitta opp og vi får ein struktur som er ineffektiv. Ingen er tente med dette.
Stortinget har vedteke ein grunnrenteskatt på havbruk på 25 prosent med verknad frå 1. januar 2023. Inkludert selskapsskatt betyr dette ein marginalskatt på 47 prosent for havbruk i Noreg, ifølgje Mowi.