Mats Årvik er Vindafjord Framstegsparti sin ordførarkandidat.
FOTO: ØKLAND FOTO
Mats Årvik. Foto: Økland Foto

Vil fjerne eigedomsskatt

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Det skal du her få svar på. Her er det Vindafjord Framstegsparti sin ordførarkandidat Mats Årvik som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Blei vel aktiv i lokallaget til FrP i 2017, då eg hadde eit ønskje om å bidra til ein positiv utvikling av Vindafjord. Har vore i kommunestyre og formannskapet sidan 2019.

— Kvifor vil du vere politikar?

— For å kunne bidra til utvikling av vår flotte kommune, og sikre gode levevilkår for innbyggjarane og næringslivet.

 — Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Det er vanskeleg å peike på ein bestemt sak. Men kanskje «korleis skal vi løyse morgondagens utfordringar?» Eldrebølga er alt starta. Vi blir stadig fleire eldre, og færre barn og unge. Vi må sikre at vi kan levere gode tenester til våre eldre, samtidig som vi aukar attraktiviteten slik at flere unge vel å busette seg her.

Valvignett

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

Vi må sikre oss at barnehagar og skuler er ein trygg arena for våre barn, kor dei opplev meistring gjennom læring. Vi ønskjer eit tettare og betre samarbeid med idretten og frivillige organisasjonar som skapar eit naturleg samlingspunkt i bygdene, og dei bidreg til å skape eit attraktivt lokalsamfunn. For at barn og unge skal ha eit ønske om å flytte tilbake, er vi heilt avhengig av at dei har hatt ein trygg og god oppvekst her.

 — Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Vi må sikre at vi har eit godt og rett tenestetilbod. Vi må legge til rette for at det er mogleg å bu lenger heima, då må vi sikre eit godt og styrka dagtilbod og heimeteneste. Ein av dei største utfordringane er å få tilsette, difor må vi sikra eit godt arbeidsmiljø og ivareta dei tilsette på ein god måte. Og vi må styrke samarbeidet med frivillige for å gi ein enda breiare og betre tilbod.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Vindafjord har stolte tradisjonar som landbrukskommune, og har i dag eit flott og aktivt landbruk. Med stadig nye krav til blant anna drift og driftsbygningar, blir det viktig at kommunen har eit enkelt regelverk og legge til rette for at bonden skal drive garden og ikkje papirarbeid.

— Kan Vindafjord kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Ja! Det vil krevje tøffe prioriteringar, men det er fullt mogleg å starte med å redusere den. Frp føreslo å redusere den i vårt budsjettforslag for 2023. Kommunedirektøren fann også rom til å kutte i eigedomsskatt for næring. Dessverre støtta ikkje Sp/Ap/KrF dette. Eigedomskatt er politisk latskap.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— På litt lenger sikt kan nok det bli dagsaktuelt igjen. Vi samarbeider godt med Etne om fleire tenester i dag, så ei samanslåing er ikkje utenkeleg. Eit slikt spørsmål må uansett avgjerast med ei folkeavstemming.

— Korleis stiller du deg til bygging av ny symjehall og bygdahus i Vats?

 — At det bør byggast opp med utgangspunktet i forsikringsoppgjeret. Her blei det ein avkorting som det er naturlig at blir dekka inn av kommunen.  Det er svært viktig å legge opp til ei berekraftig drift, slik at dette ikkje tynger kommuneøkonomien i overskodeleg framtid.

— Bør Vindafjord behalde dagens skulestruktur?

— Frp stemte for å behalde dagens skulestruktur i 2022. Og håpar kommunen og dei minste bygdene klarer å tiltrekke seg nok barnefamiliar slik at vi kan oppretthalde dagens skulestruktur. Dagens utvikling med stadig færre barn og fleire eldre gjer at vi må flytte meir pengar frå skule til eldreomsorg.

— Korleis bør industriområdet på Dommersnes utviklast?

 — Det er på høg tid at vi skaper meir aktivitet på Dommersnes. Kommunen er ikkje ein aktør som kan drive med industriutvikling, difor er vi veldig positive til samarbeid med Westcon på Dommersnes. Planane som er der nå er massive, men kan skape veldig mange positive effektar for Vikebygd og kommunen. Det blir viktig å ivareta dei som alt er på området eller har tilknyting til det på ein god måte.

— Kva meiner du er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— Me vil setje ei ny retning for Vindafjord, styrke samarbeidet med idretten og frivillige organisasjonar, og me vil redusere eigedomskatten, til den er borte for godt!

Faktaboks

Namn: Mats Årvik

Alder: 29

Sivil status: Einsleg

Bustad: Ølen