Arild Stenberg er 1. kandidat for Etne Høgre.
FOTO: PRIVAT
Arild Stenberg er 1. kandidat for Etne Høgre. FOTO: PRIVAT

Vil ha meir tilflytting

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Her er det Etne Høgre sin ordførarkandidat Arild Stenberg som svarar.

—Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

— Eg blei med i Høgre då me flytta til Etne i 1982. Eg har sete i kommunestyret i to periodar, i 1983-87 og sist gong i 1999-2003.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Eg har lyst til å vera med og påverka utviklinga i heimkommunen min.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

— Me treng tilflytting til kommunen vår! Me treng fleire unge i yrkesaktiv alder, fordi innbyggjarprofilen er skremmande: Me har alt for mange gamle, og alt for få unge som kan jobba og skapa dei verdiane me treng for å ta oss av dei gamle.

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— Ein kunnskapsbasert skule, der kvar enkelt blir sett og følgt opp, om nødvendig med individuell oppfølging. Eit variert fritidstilbod, der ungdommen kan møtast og vera med venner. Eit allsidig kulturtilbod, der dei kan utvikla evnene sine og gjera kvardagen rikare for oss andre.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Me vil arbeida for at det er nok institusjonsplassar til dei som treng det. Grunnbemanninga i Pleie og omsorg må vera slik at ein kan levera tenester av god kvalitet. Me vil fortsetja med førebyggande heimebesøk for eldre. Me vil arbeida for at tilsette får stillingsstørrelser dei kan leve av, og me vil tilby frivillige ordningar med doble vakter, slik andre kommunar har gjennomført med stort hell.

— Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Høgre vil støtta opp om landbruket i Etne ved å vera positiv til bønder som satsar og investerer i landbruket som sjølvstendig næringsdrivande. Me vil ha meir nydyrking og skogbruket bør løftast meir fram. I Etne er det varierande storleik på gardane, men som sjølvstendig er det opp til gardbrukaren å utvikla eigendommen for framtida. Mange gardar har nyleg hatt generasjonsskifte, og det gjer at det er mange unge som har tatt valet om å vera bonde, og dermed gjort investeringar som gjer landbruket i Etne moderne.  Og det viktigaste av alt: dei ønskjer å satsa. Her må me bistå med kunnskap og planar, og vera ein lagspelar.

— Kan Etne kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Det er eit klart mål at kommunen skal bli i stand til å få eit budsjett i balanse utan eigedomsskatt. Fram til nå har ikkje det vore mogleg, men på sikt skal me klara det.

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

— Ikkje i den aktuelle situasjonen, men om nokre år bør dette vera mogleg. I mellomtida må me utvikla eit endå tettare samarbeid.

— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?

— Det er gode grunnar til at biogassfabrikken burde ha vore plassert ein annan stad enn på Tongane, men slik det står nå, har me ein situasjon der kommunen har selt ei industritomt utan å setja forbod mot slik drift.  Kommunen kan ikkje i ettertid komma med nye reglar for kva eigaren skal gjera med tomta. Før bygging er sett i gang, må det likevel vera mogleg å snakka med utbyggjaren om ei alternativ plassering. Eg vil òg tru at utbyggjaren ikkje vil bruka mange millioner kroner på ein fabrikk der drifta blir stansa av forureiningstilsynet.

— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?

— Ungdomsskuletrinnet i Skånevik har ein eigen verdi som styrkjer Skånevikssamfunnet på mange måtar. Svaret er derfor eit klart ja. Likevel er det eit poeng at ungdommane i Etne og Skånevik bør kunna treffast oftare, derfor vil me støtta ei transportordning som gjer at dei kan reisa fram og tilbake på kveldstid.

— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?

— Skakke er viktig for det sosiale livet i Etne. Problemet er gjelda, og det er inga enkel løysing på det. Eg er svært opptatt av at Skakke skal halda fram drifta. Me treng Skakke som eit sentralt, sosialt samlingspunkt, både nå og i framtida.

— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

— Høgre i Etne vil ta skikkeleg fatt i den største utfordringa i kommunen, nemleg den skeivt innretta innbyggjarprofilen. Sidan me treng tilflytting til kommunen, må me få fleire arbeidsplassar, både i etablerte bedrifter og med nyetableringar. Når folk skal slå seg ned i Etne, treng dei bustadar. Me treng nye hus, og rehabilitering av hus som står tomme. Me treng òg gode og trygge vegar og kommunikasjonar til nabokommunane, i tilfelle me får tilflyttarar som vil arbeida der.

Faktaboks

Namn:  Arild Stenberg

Alder:  70 år

Sivil status:

Gift med Oddrun, far til Siri, Tove, Per Olav og Anders. 7 barneborn.

Bustad: Etne