— Eg har hatt litt befatning med lokalpolitikken i ymse råd, byggenemd og styre sidan cirka 2005. Medlem i kontrollutvalet sidan 2019. Vart KrF-medlem i 2018, ei dotter var allereie med frå før. Partiet var i ein spesiell situasjon så eg tenkte dei treng fleire medlemmer. Og me treng framleis fleire.
— Kvifor vil du vere politikar?
— Fordi nokon må vere det. Styre og stell bør setjast saman av folk med forskjellig bakgrunn og syn. Eg arbeider i det private næringslivet og er deltids bonde. Har også nærståande med stort hjelpebehov. Eg ser saker i fleire perspektiv.
— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?
— Me må få til tryggare veg gjennom kommunen.
— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?
— At fritidsaktiviteter skal være mest mogeleg tilgjengelig for alle uavhengig av økonomi og funksjonsevne. Mobilisere ungdom til sjølv å bidra med meiningsfylt arbeid som gjev bygdene innhald.
— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?
— Ved å bygge eit aldersvenleg samfunn. Støtte og oppmuntre frivillig arbeid mot eldre. Og så må me justere og tilpasse budsjetta til den folkesamansetninga me får.
Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?
— Kommunen må støtte ein variert bruksstruktur som godt utnyttar utmark og innmark. Utøve pragmatisk forvaltning som tener jordvern og praktisk drift. Ser gjerne at kommunen nyttar lokalt foredla matvarer i sine kjøkken. Strekke oss for å sikre veterinærtenesta.
— Kan Etne kommunen klare seg utan eigedomsskatt?
— Eg forstår at mange ynskjer den bort, men eg trur ikkje gjeldande rammevilkår opnar for det på kort sikt
— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?
— Eg ser ikkje for meg det som tema nå. Gevinsten må i så fall vere tydelig. Slike prosessar har lett for å ta for mykje merksemd og politisk energi. Mykje kan ordnast utan å lage revolusjon.
— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?
— Eg vil nødig førehandsame ei slik sak før det føreligg ein eventuell søknad. Omsyn til bumiljø må ivaretakast samt at også landbruket i Etne bør få tilrettelagde moglegheiter for å kunne legge om til meir miljøvenleg drift.
— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?
— Ja, det legg til rette for best oppvekstvilkår, mest tenleg for elevane og best utnytting av den infrastruktur kommunen no har.
— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?
— Ja, men eg er open før å drøfte andre modellar.
— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?
— KrF vil vidareføre ansvarleg økonomisk styring og sikre lovpålagte tenester, vil sette einskildmenneske sine behov i sentrum og sikre eit godt samfunn for både oppvekst og alderdom.
Faktaboks
Namn: Øyvind Kaldheim
Alder: 57
Sivil status: Gift med Liv har 3 barn i alder 23-27 år
Bustad: Sørbygdo, Etne