Johan Strømsvold, Etne venstre. FOTO: PRIVAT
Johan Strømsvold, Etne venstre. FOTO: PRIVAT

Vil ta vare på naturen

Det er snart kommuneval og valkamp. Kven er på topp i kvart parti, og kva står dei for? Her er det Etne Venstre sin ordførarkandidat Johan Strømsvold som svarar.

— Korleis kom du inn i, og kor lenge har du vore aktiv i politikken?

Eg blei spurt av Etne Venstre og dessutan av stortingsrepresentant Ola Elvestuen. Eg har drive to år med aktiv politikk i samband med Teknisk Gruppe i Etne, og dessutan i Forum for sjø- og jordkabelteknologi.

— Kvifor vil du vere politikar?

— Fordi eg meiner eg har noko å bidra med både når det gjeld verdi av natur, menneske, bygder, næring, landbruk, helse og skule med meir.

— Kva trur du blir den viktigaste saka for deg i komande periode?

Det er ikkje lett å trekkja fram éi sak. Me har mange gode saker som er lista i Etne Venstre sitt veldig gode program, som alle må lese.

— Kva vil ditt parti bidra med for å få til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom?

— God trivsel og vilkår for barn i barnehage. Vidare er det viktig å ha veldig godt samarbeid og trivsel mellom lærarar, elevar og foreldre.

— Korleis bør kommunen møte eldrebølgja?

— Hovudutfordringa er og vil bli rekruttering. Det finst ikkje nok ledige hender. Nytenkning i eldreomsorga er derfor avgjerande for å kunne møta dei aukande behova til ein aldrande befolkning. Samspelet mellom frivillegheit, sosiale entreprenørar og næringslivet, for å koma opp med nye og gode alternativ, trur eg derfor blir viktig.

– Korleis vil ditt parti bidra til at det skal vere mogeleg å drive aktivt landbruk framover?

— Me vil hjelpa bønder med søknadar slik at dei skal få støtta dei treng til utvikling og drift, og dette gjeld spesielt unge nyetablerte bønder.

Kan Etne kommune klare seg utan eigedomsskatt?

— Etne Venstre er ikkje glad i eigedomskatt og vil alltid jobba for å tilretteleggja for å få den fjerna. Samtidig er det viktig å føra ein ansvarleg økonomisk politikk slik at me ikkje då må skjere ned i andre tilbud som skule, helse og eldreomsorg.  

— Bør Etne og Vindafjord kommune slå seg saman?

Eg trur ikkje tida er inne for det nå. Kommunane er mellom anna svært ulike når det gjeld å bevara natur, mellom anna med tanke på Statnetts planlagte nye 420 kV høyspentlinje.

— Korleis stiller du deg til etablering av ein biogassfabrikk på Tongane?

— Me vil leggja til rette for ny grøn næring med fullgode løysingar for natur, klima, miljø, helse og alle sin trivsel. Renevo biogassfabrikk tilfredsstiller ikkje dette per dags dato.

— Bør Etne behalde dagens skulestruktur?

— Ja, Etne Venstre meiner det.

— Bør kulturhuset Skakke driftast vidare etter dagens modell?

— Ja, det bør drivast slik inntil vidare. Ein må tilstreba at Skakke kan få større omsetning til si drift.

— Kva er dei tre viktigaste grunnane til at ein bør stemme på ditt parti?

Etne Venstre vil arbeida for gode forhold for kultur, idrett, helse, skule, barnehage med meir. Det same for næring, landbruk og grøn energi. Og Venstre er eit naturparti som vil ta vare på naturen.

Faktaboks

Namn: Johan Strømsvold

Alder: 65

Sivil status: Gift med Marit Solheim. Eg har 3 barn og 3 bonus barn, 7 barnebarn og 8 bonusbarnebarn.

Bustad: Skånevik