Næringsliv
AF Gruppen vil bygge vindturbinar i Vats
AF Gruppen vil leggje til rette for produksjon av fundamenter og samanstilling av vindturbinar på sitt anlegg på Raunes i Vats.
I dag nyttar AF Gruppen sitt anlegg, også kjent som AF Miljøbase Vats, til opphugging av plattformar.
I ei pressemelding onsdag går det fram at dei no legg planar for det 300 mål store området til ny aktivitet.
— Gunstig plassering
— Området på AF Miljøbase Vats har ei gunstig plassering for offshore vindkraft med nærleik til Utsira og Sørlige Nordsjø. Fjordområdet sin djupne og naturlige vern mot vind gjer det svært eigna for lagring av store konstruksjonar, heiter dei i meldinga.
AF Decom peikar vidare på at Vats har ein stolt industrihistorie med produksjon av Troll A-plattforma og fleire andre installasjonar i Nordsjøen. I vidare utviklinga av anlegget vil det bli lagt vekt på gjennbruk av eksisterande infrastruktur, miljø og verdiskaping i regionen, heiter det i meldinga.
AF Gruppen lever allereie løysingar til havvind-næringa.
Vil krevje endringar i reguleringsplan
— Som ein av Noreg sine største entreprenør- og industrikonsern ønskjer vi å bruke vår kompetanse og industrielle erfaring for å bidra aktivt i utviklinga av marknaden for havvind framover. Vi startar planprosessen for å kunne tilretteleggje for kostnadseffektiv produksjon av fundament og samansetjing av vindturbinar i Vats og ved andre anlegg. Vi vil vere med på å utvikle ein konkurransedyktig verdikjede og bidra til å nå nasjonale mål innan havvind», seier Lars Myhre Hjelmeset, konserndirektør Offshore i AF Gruppen.
Tilrettelegging av anlegget vil innebere endringar i dagens reguleringsplan.
— Planprosessen startar no og inkluderer konsekvensutgreiingar, høyringsrundar og politisk behandling, melder selskapet.