Grethe Hopland Ravn.
På tampen
Det var stas – og skummelt – å byrja på skulen
For ganske nøyaktig 41 år sidan var eg sju år og rykande fersk 1.klassing, med berre eit par vekers ansiennitet som skulejente». Ein staseleg tittel! Å starta på skulen var litt skummelt, men også spennande. Eg hadde gledd meg i vekevis til å bruka den nye, raude skulesekken min, matboksen og termosen, og dei heilt nye skulekleda mamma hadde kjøpt til meg på butikken. Lyseblå fløyelsbukse, og burgunder V-genser i velur. Eg følte meg så fin! Knappe sju år gamal, og med mormor og morfar sitt gardsbruk som einaste barnehage» hadde eg ikkje særleg erfaring i verken organisert aktivitet eller innesitjing. Garden til mormor og morfar var for så vidt leikeparken til halve ungeflokken i nabolaget også, her hadde me det knakande kjekt i leiken. Me balanserte på låvetaket, me hoppa i siloen eller i høyet på grisehusloftet, og i slåttetida var me også med å jamna graset mellom traktorlassa – så sant me gidda. Me leika ku og kalv» og sto på bås og rauta i kor. Fetteren min, Ole, var den flinkaste til å rauta. Han kunne nemleg rauta så naturtru, at det var ikkje måte på. Det var rett og slett vanskeleg å høyra forskjell på Ole og Haldis», kua som på nattetid var plassert i nettopp denne båsen. Men Ole hadde ein fordel: Han var odelsgut.
Mitt første møte med skulen var eit sjeldan innslag av sjenanse. Eg og mamma stod ute på plassen ved gamleskulen» og eg er sikker på eg heldt ho trygt og fast i handa. Rundt meg var det mange nye fjes, både vaksne og barn. Tre jenter hoppa strikk, og eg synest dei var modige som våga å hoppa strikk med så mange tilskodarar. Plutseleg var verda blitt både ny og litt utrygg. Det var mykje nytt som skulle lærast, sjølv om eg følte eg kunne mykje allereie. Eg kunne nemleg både telja til minst 40, skriva mitt eige namn, og så kunne eg Fader Vår utanåt. Det var det ikkje alle som kunne! Vekene gjekk etter kvart fortare og eg kom inn i rytmen som ei ekte skulejente. Ein ting eg synest var litt rart, var at så få andre jenter synest det var kult å leika krig, ku på bås, eller som likte å balansera på tak. Derimot så lærte eg mange nye songleikar, og det var forferdeleg morosamt. Kari og Knut – spring ut, Bro-bro-brille, slå på ringen, slåball og ikkje minst kanonball var noko eg aldri blei lei av. I klasserommet var eg litt meir rastlaus, og eg hugsar eg blei lei meg då ein klassekamerat lo av at eg hadde teikna meg sjølv – med lilla fjes – då me fekk i oppgåve å lage sjølvportrett.
Likevel er eg av dei heldige, for eg kan sjå tilbake på både skulestarten og heile skulegangen med glede. Stort sett. Ikkje alle er like heldige som meg. For eit par veker sidan var det rundt 50.000 nye førsteklassingar som starta på skulen i Noreg, og eg trur at også blant desse finst det mange som kjem til å teikna lilla fjes på sjølvportrettet sitt, som opplever uro i kroppen av å sitja i ro, eller som er verdsmeistrar i å balansera på låvetak – men kanskje ikkje meistrar løkkeskrift i særleg grad. Klasseromma frå nord til sør blir fylt opp av forsiktige, kreative, uforsiktige, redde, snille, vanskelege, høflege, uhøflege, dyktige, ikkje fullt så dyktige, høgrøysta, musestille, leiarmodellar, introvertar, og tenk på det: Det skal vera plass til dei alle.