Slakta storfe ved Fatland slakteri i Ølen.
Arkivfoto: ØYSTEIN SILDE FRØNSDAL
Næringsliv
Fatland sender slakt til Trøndelag for å spare straum
Dei høge straumprisane gjer at slaktarbedrifta Fatland sender slakt til Trøndelag i staden for å foredle det i Rogaland, som har ledig kapasitet.
Både spekemat- og julesesongen nærmar seg for fullt, og Flatlands anlegg i Hommersåk i Rogaland har fullt opp å gjere. Men dei har likevel kapasitet til meir, skriv Stavanger Aftenblad.
Årsaka til at anlegget ikkje blir drive med full kapasitet, er straumprisane på Vestlandet.
– Før brukte vi mellom 1–2 millionar kroner i året på straum. I fjor brukte vi nesten 20 millionar. I år trur vi at vi ligg rundt 9 millionar kroner for straumen. Det er framleis historisk høgt, seier dagleg leiar Rolf Gunnar Husveg.
Sjølv om straumprisane har falle i år, er dei stadig på eit så høgt nivå at Fatland har måtta ta grep.