Konstituert direktør i Statens helsetilsyn, Heidi Merete Rudi.FOTOMONTASJE: STATENS HELSETILSYN/GRANNAR
Konstituert direktør i Statens helsetilsyn, Heidi Merete Rudi.FOTOMONTASJE: STATENS HELSETILSYN/GRANNAR

Ragnhild-saka

Helsetilsynet beklagar

Saka om Ragnhild som ikkje orka meir og tok livet sitt, har rørt mange. No svarar Helsetilsynet at dei ikkje har greidd å ivareta dei pårørande på ein god måte. Dette beklagar dei.

Publisert Sist oppdatert

Sist torsdag kunne Grannar fortelja om legestudenten Ragnhild som heilt ut av det blå» fekk tung og inngripande depresjon, og som til slutt ikkje orka å leva lenger og tok livet sitt. Foreldra Sigmund og Annbjørg Lunde frå Ølensvåg gjorde det dei kunne for å hjelpa dotter si, men opplevde i møte med helsevesenet at verken dei eller Ragnhild fekk den hjelpa dei hadde behov for då Ragnhild var sjuk.

Ikkje lenge etter at Ragnhild døydde fekk dei førespurnad frå Statens helsetilsyn om dei ville bidra, då helsetilsynet skulle føra tilsyn med oppfølginga av Ragnhild i sjukdomsperioden. Sjølv om dette var ei enorm belastning for dei begge, var dei einige i at dei ville bidra, så sant det kunne føra til læring for helsesektoren.

Mange spørsmål

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS