Jakob Hatteland ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Jakob Hatteland

Næringsliv

Jakob Hatteland: — Kjernekraft betre enn vindkraft

Seks atomreaktorar produserer straum i Sverige i dag, og den svenske regjeringa har nyleg både opna for fleire – og fjerna taket dei har hatt på 10 reaktorar. I Noreg er regjeringa negativ til atomkraft som ein del av energimiksen. Det vil gründeren Jakob Hatteland (72) i Vats gjere noko med.

Publisert Sist oppdatert

I mars i år blei det kjent at Jakob Hatteland Holding AS har teikna aksjar i Norsk Kjernekraft AS. Det er eit selskap som vart stifta i juli 2022 og som med den Bergen-baserte milliardæren og investoren Trond Mohn som største eigar, tar mål av seg til å realisere bygging av atomkraftverk i Noreg.

Den suksessrike seriegründaren Jakob Hatteland (72) frå Vats er overtydd om at ein ikkje kan kome utanom kjernekraft i den norske energimiksen i framtida.

— Me har vasskrafta. Men det er avgrensa kor mykje meir me kan byggje ut, og det blir alltid mykje bråk kring slike konsesjonssøknadar. Vindmøller er litt betre, men dei er jo ikkje akkurat naturskjønne, og dei produserer lite straum vinterstid. Og vindmøller til havs krev dessutan bygging av ny infrastruktur i ein skala få snakkar høgt om. Ein ser jo til dømes i Etne, kva motstand Statnett sine planlagde nye linjer der har fått, seier han.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS