Illustrasjon av den planlagde symjehallen og bygdehuset i Vats.
Vindafjordhallen
Kommunedirektøren går inn for sklie
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag til eit endeleg vedtak om bygging av symjeanlegg og bygdahus i Vats er klart. Der finn han eit rom på fire millionar kroner til sklie i symjehallen.
Dette kjem fram i møteinnkallinga det ekstraordinære formannskapsmøte neste tysdag. Etter at saka har blitt behandla i formannskapet skal den opp i kommunestyret seinare på dagen.
Vil dra besøkande
Dei fire millionane kommunedirektør Yngve Folven Bergesen vil gi i ei ekstra løyving til sklie er ekskludert moms, og under føresetnad av at det kjem inn tre millionar i ekstern finansiering. Dette samsvarar med summen Hatteland har øyremerka i gåve til dette.