Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Forskarane har funne ut at det er auka risiko for urinblærekreft blant oljearbeidarar som har vore utsette for benzen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Forskarane har funne ut at det er auka risiko for urinblærekreft blant oljearbeidarar som har vore utsette for benzen.

Kreftform blir knytt til oljearbeid

Publisert Sist oppdatert
Risikoen ser ut til vere nesten fordobla samanlikna med dei som har vore lite eksponert, meiner forskarane bak studien ifølgje Stavanger Aftenblad.

Benzen er eit stoff som finst naturleg i råolje og oljeprodukt. Det kan takast opp i kroppen anten via lufta vi pustar eller gjennom huda.

Tidlegare har forsking på norske oljearbeidarar avdekt samanheng mellom benzen og auka risiko for blodkreft. Det er også mistanke om at benzen gir auka risiko for andre krefttypar. No har forskarane ved Kreftregisteret også funne auka risiko for urinblærekreft blant dei som har vore mest utsette for benzen.

– Ein del studiar frå andre land har vist auka førekomst av urinblærekreft blant oljearbeidarar samanlikna med befolkninga elles. Men ein har vore usikker på kva om skulle forårsaka dette. Vi kjenner ikkje til andre studiar som så tydeleg peikar på benzen, seier doktorgradsstipendiat Nita Shala.

Forskaren påpeikar at dei enno ikkje veit om det er benzen i seg sjølv som gir auka kreftfare eller andre stoff som følgjer med. Rundt 1800 personar i Noreg får blærekreft kvart år. Dei fleste er menn.

(NPK)

Powered by Labrador CMS