Det var sol og fint på E134 over Haukeli ved 15-tida onsdag. Men no åtvarar meteorologane om snø i høgfjellet i Sør-Norge komande natt.
FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM
METEOROLOGANE: — På tide å vurdere vinterdekk i fjellet i Sør-Noreg
Det har komme snø i høgfjellet i Sør-Noreg i natt. Meteorologisk institutt ber folk vurdere vinterdekk om dei skal krysse fjellovergangar framover.
– Etter nokre milde dagar har no mykje kjøligare luft innteke Sør-Noreg. I høgfjellet har det komme litt nedbør som snø i natt, skriv Meteorologisk institutt på X/Twitter onsdag.
– Det er på tide å vurdere vinterdekk om du skal krysse fjellovergangane framover, legg dei til.
Vegkamerabilete frå Statens vegvesen viser at det mellom anna er snø på Sognefjellet.