Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal.
ARKIVFOTO: JON EDVARDAEN
Næringsliv
Ordføraren om AF-planane i Vats: — For oss er alt om skjer innan næringsutvikling interessant
Vindafjord-ordfører Ole Johan Vierdal (Sp) ser ikkje mørkt på at Windafjord Port på Dommersnes, kor kommunen eig 50 prosent, kan få ein konkurrent i Vats.
AF Miljøbase Vats har i dag verksemd på 300 mål på Raunes, kor mellom anna utrangerte boreplattformar og skip blir demonterte. I ei pressemelding onsdag informerte konsernet om at dei legg planar for havvind-industri, og går allereie no i gang med arbeidet med ein reguleringsplan som vil kreve konsekvensutgreiingar, høyringsrundar og politisk handsaming.
Begge delar
Prosjektdirektør Ricky Ryttmar fortel til Grannar at samanstilling av fundament og produksjon av vindturbinar er tenkt å gjerast parallellt med dagens verksemd.