Ragnhild var ei jente som elska naturen, sola og opplevinga. Men for Ragnhild gjekk plutseleg sola ned. Ho hamna i eit beksvart mørke, som ho ikkje kom seg ut av. For den unge legestudenten blei mørkret for mørkt - og ho tok livet sitt. Foto: Privat
Ragnhild var ei jente som elska naturen, sola og opplevinga. Men for Ragnhild gjekk plutseleg sola ned. Ho hamna i eit beksvart mørke, som ho ikkje kom seg ut av. For den unge legestudenten blei mørkret for mørkt - og ho tok livet sitt.

Tettare på

Ragnhild orka ikkje meir – og tok livet sitt

September er ein vanskeleg månad for Sigmund og Annbjørg Lunde i Ølensvåg, og datoen 7. september er heilsvart. For nøyaktig tre år sidan tok dottera Ragnhild livet sitt, og blei med det ein av 639 personar som tok sjølvmord i 2020.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje så ofte det svarte pianoet i stova til Sigmund og Annbjørg Lunde på Kåta i Ølensvåg er i bruk lenger. Før var det i bruk både titt og ofte, og musikk frå både 2-hendig og 4-hendig pianospel fylte opp rommet, og sjangrane varierte ofte mellom vakker, trist, glad, avansert, lekande og litt rolpete» musikk. Dei siste tre åra har det stort sett vore stille. Både fordi minna frå pianospelet er så mange, så gode, så såre, men også fordi to av hendene som spelte piano er borte. Borte for alltid. Dottera Ragnhild (25) er ikkje meir. Ho tok livet sitt.

— Takk for alt. Unnskyld

Spolar ein tida nøyaktig tre år tilbake, er 7. september 2020 ein heilsvart dag. Regnet auser ned, dagen har blitt til kveld og i tunet på Kåta står Sigmund, Annbjørg, sonen Knut og svigerdotter Silje. Ettermiddagen og kvelden har vore surrealistisk. Ragnhild er sakna og rundt dei står ein stor flokk menneske som har vore med for å leita etter jenta deira. Politi og andre leitemannskap er også involverte. Desperasjonen er uuthaldeleg. Det hastar, for foreldra har funne ei handskriven melding på rommet til Ragnhild: Takk for alt. Unnskyld»

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS