Johan Strømsvold
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Statnett-konsesjonen
— Skuffa over regjeringspartia
Johan Strømsvold er på vegner av Etne Venstre skuffa over regjeringa etter at Statnett fekk grønt lys til å byggje Blåfalli-Gismarvik linja uten ei større utgreiing av jord- og sjøkabel-alternativet.
Skåneviksbuen Johan Strømsvold, som er nyvald kommunerepresentant for Etne venstre, har vore blant dei profilerte forkjemparane for ei full utgreiing av jord-og sjøkabel, og har dei siste åra jobba tett saman med Forum for jord- og sjøkabelteknologi for dette.
Han er følgeleg ikkje nøgd med at Statnett no har fått konsesjon for å bygge Blåfalli-Gismarvik med høgspentlinje gjennom Etne-naturen.
— Me i Etne Venstre er veldig skuffa over at det blei ei slik løysing for kraftoverføringa frå Blåfalli til Gismarvik, seier han.