Viktig bidragsytar for opprykkslaget Ølen IL. Det vart 16 mål for rivjernet på midtbana.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Tre lag la meir press på Ølen – men alt tyder på opprykksfest torsdag
Denne veka har det tetta seg til i kampen om seriemeisterskapen i 6. divisjon. Men med siger i heimekampen torsdag kan Ølen-herrene føle seg trygge på at det mellom anna blir lokaloppgjer mot Etne neste sesong.
Det er den eminente målforskjellen som Ølen har opparbeidd seg som syt for at Ølen like gjerne kan finne fram fyrverkeriet allereie heime mot tabelljumbo Kolnes torsdag.
Men om Ølen IL skulle finne på å tape både mot tabelljumbo torsdag, og sine neste tre kamper då står det lag i kø til å snyte dei for den øvste plassen på tabellen.
Då vil både Sveio, Skjold 2 og Bremnes 2 ha eit ord med laget, og alle desse tre gjorde jobben måndag kveld: