Skånevik skule. Bygda har også barnehage.
ARKIVFOTO: JAN MARTIN GRINDHEIM
Difor forsvann gjerdet
Gjerdet rundt ballbingen ved Skånevik skule er borte. Naboar har reagert, og no forklarar kommunen både kva som har skjedd – og kva som skal skje.
Tidlegare i år fjerna Etne kommune gjerdet som sto rundt ballbingen ved Skånevik skule. Naboar har stussa på dette.
Fryktar trafikk-situasjonar
— Sjølv med gjerde var det ikkje uvanleg at det spratt ballar i vår retning, til og med inn i hagen hjå både oss og naboar, skriv ein skulenabo i ein e-post til kommunen.