Vats barnehage skal etter planen bli lagt ned i august.
Arkivfoto: Jon Edvarden
Slik planlegg kommunen nedlegginga av barnehage
Då kommunestyret i Vindafjord bestemte seg for å ikkje legge ned skular, vedtok dei samtidig endringar i barnehagestrukturen. Nå nærmar det seg nedlegging av den kommunale barnehagen Vats barnehage i Øvre Vats.
I eit svarbrev til samarbeidsutvalet (SU) i Vats barnehage opplyser kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst at 14. august 2024 etter planen er barnehagen sin siste dag.
Samlar barna
Kommunestyrevedtaket for skule- og barnehagebruksplan i 2022 slo fast at det i framtida berre bør vere éin barnehage i Vats, og at kommunen skulle gå i dialog med Nausthaugen barnehage i Åmsosen for å avklare om ein barnehage i bygda skulle vere i kommunal eller privat regi.