Stemningsfullt frå tråkkemaskina 4. januar i år. Nå blir det arrangert basar for å halde maskina i gang kommande vinter.
Arkivfoto: Rune Vestbø
Basar for skispor
Kommande fredag arrangerer Vindafjord IL Idrettsbasaren 2023 på Sandeid Samfunnshus. Loddsalet skal vere med å bidra til at idrettslaget kan levere gode skiløyper også kommande vinter.
— Me treng hjelp til å halde tråkkemaskina vår i gang i vinter, skriv leiar Asbjørn Aarekol i Vindafjord IL i eit Facebook-innlegg på klubben si skiinformasjon side.
Han oppmodar folk til å kjøpe lodd for å støtte idrettslaget. I loddtrekninga kan ein vinne gåvekort, ein sykkel, ei bålpanne, så vel som andre premiar.
Det blir også sal av kaffi, kaker, lappar, pølser og brus. Ein kan delta på aktivitetar som å kaste på boks, fiskedam, lynlotteri, tippekonkurranse, åresal og andre konkurransar.