Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen i Marmorhallen der eit ekspertutval leverer ein rapport om fastlegeordninga.Foto: Annika Byrde / NTB
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen i Marmorhallen der eit ekspertutval leverer ein rapport om fastlegeordninga.

Covid-19 er ikkje lenger karakterisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom

Covid-19 er fjerna frå lista over allmennfarlege smittsame sjukdommar, og koronaforskrifta blir no oppheva.

Publisert Sist oppdatert
– Dette er ein merkedag. Vi støttar tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om at covid-19 ikkje lenger oppfyller kriteria i smittevernlova for å bli klassifiserte som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. Dette er ei normalisering slik strategien og beredskapsplanen til regjeringa legg opp til, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) i ei pressemelding frå departementet hennar.

Den såkalla koronaforskrifta, som vart vedteken 27. mars 2020, blir no oppheva.

Forskrifta regulerte detaljert dei ulike smitteverntiltaka som vart tilpassa gjennom pandemien.

Paxlovid blir gratis i halvtanna år

Covid-19 hamnar no i same kategori som influensa og RS-virus i den forstand at pasientar no må betale eigendel ved legekonsultasjon for viruset, og at retten til gratis sjølvtestar og behandling fell bort.

Legemiddelet Paxlovid vil likevel vere gratis fram til 1. april 2025.

Viruset var klassifisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom i 1389 dagar. 31. januar 2020 vart covid-19, då kalla Wuhan-viruset» gjord meldepliktig i registeret for smittsame sjukdommar.

Ny bølgje i gang

Samtidig som viruset mistar den formelle klassifiseringa som allmennfarleg, har Folkehelseinstituttet (FHI) nyleg varsla om at bølgja i vinter er i gang. Talet på innleggingar er på veg opp.

Instituttet bad då også om at eldre og personar i risikogrupper blir vaksinerte mot covid-19. Dei tilrår også meir vaksinasjon mot influensa. Også assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad åtvarar om at viruset er på veg opp igjen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS