KrF og varaordførar Gustav Løge Fosse (f.v.) har komme til semje med Sp og ordførar Ole Johan Vierdal og Ap om eit budsjett.
Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Droppar næringsfond
Fleirtalskoallisjonen Sp, Ap og KrF går ikkje med på kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag om å opprette eit næringsfond i deira felles budsjettframlegg for Vindafjord i 2024.
Sp, Ap og KrF har med 13 av 25 representantar fleirtal i Vindafjord kommunestyre, og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i september.
Partia ber kommunedirektøren om heller å komme med ei sak til utval for drift, utvikling og kultur (DUK) og kommunestyret om tiltak som er viktige for næringslivet. Slik frigjer dei meir midlar til andre formål i budsjettet for 2024 og økonomiplan 2024-2027.