Helge Eide er hytteeigar i Vikebygd, og han trur at prosjektet på Dommersnes er eit luftslott» som er borte igjen om nokre år - om det blir realisert.
FOTO: Grethe Hopland Ravn
Høg temperatur på allmøte
Då grendautvalet i Vikebygd arrangerte informasjonsmøte rundt utbygginga på Dommersnes blei temperaturen til tider høg i salen. Mest av alt sakna dei rundt 150 frammøtte konkrete svar frå Windafjord Port og Norconsult.
Parkeringsplassen utanfor bygdehuset i Vikebygd var full, og det same var salen innomhus då grendautvalet måndag arrangerte informasjonsmøte. Jørgen Jorde frå Dommersnes AS, Windafjord Port og Anne Sofie Sandvik frå Norconsult blei grilla godt av motstandarane i salen, der rundt 150 personar hadde møtt fram. Engasjementet er i grunnen stort frå begge sider av skalaen, men under møtet var det stort sett skeptikarane som tok ordet. Planprogrammet har lege ute på høyring sidan 6. november, og så langt har det kome inn 191 svar i samband med ei spørjeundersøking som skal med i planprosessen, som har høyringsfrist 18. desember. Det folk var mest nysgjerrige på var kor mykje støy frå både lys og lyd som vil prega dei som bur tett på.
— Eg har fått tilsendt underskriftslista som no har gått rundt i området her, og det er ein del kommentarar på vindkraft og havvind, og noko av det eg les der heng ikkje saman med fakta, seier Jørgen Jorde som er dagleg leiar i Dommersnes AS.
Deretter gjekk han gjennom ei faktaliste rundt vindkraft og havvind, der han påpeika at forureining frå olje og mikroplast frå havvind er svært liten i forhold til andre kjelder, han peika også på at vindkraft drep betydeleg færre fuglar enn det til dømes vindauge og bilar gjer. Eit poeng Jorde også understreka var at CO2-utsleppa frå produksjonen er spart inn i løpet av 3-5 månadar.