Store og små møtte for å høyra julesang og sjå juletreet bli tent i Isvik i fjor.
FOTO: Irene Mæland Haraldsen
Sjå oversikta: Slik blir julegrantenningene i Grannar-distriktet
Etne er først ut med å tenne julegrana i Grannar-distriktet. Med litt ulike tidspunkt, blir inngangen til julemåneden omfattande markert rundt i bygdene.
I Etne er markeringa knytta til Etne Senter, opninga skjer i ettermiddag.
I Ølen startar ein opp torsdag 30. november klokka 17 inne i Ølen Senter kor det er snorklipping ved peparkakebygda. Deretter går folket i tog gjennom Sjoargata til juletretenning med program på kaien. Ølensvåg har ikkje eiga markering, men er gått saman med Ølen.
Kos og kaffe
I Imsland er det markering både på bygdahuset i Ølmedal og i Kvaløy 3. desember. Kos og kaffe innandørs på bygdahuset klokka 14 er hovudsaka, men før julegrgrana skal tennast kan ein sjå på utstillingar og kjøpa lodd. Butikken i Kvaløy ynskjer barn velkomne til å hengja frå seg ein julasokk første adventshelga som blir fylt opp kvar fredag i advent.