I dei gamle lokala til Litledalen Lys har Caroline Markhus Svan etablert helseklinikken Benken.
I dei gamle lokala til Litledalen Lys har Caroline Markhus Svan etablert helseklinikken Benken.

Næringsliv

Nytt helsetilbod i sentrum

Caroline Markhus Svan (35) er på plass i eige lokale midt i Etne sentrum. Her tilbyr ho både massasje, fjerning av hår, hudpleie, fotpleie og farging av bryn og vipper. Det beste ho veit er ein real muskelknute, som ho får løyst opp for kunden sin.

Publisert Sist oppdatert

Allereie i januar signerte ho kontrakt med husverten på lokala ho leiger i Etne sentrum, og etter litt oppussing var ho klar for å ta i mot sin første kunde månaden etter.

— Det har i grunnen gått slag i slag, og då eg annonserte at eg var klar for å ta i mot kundar, gjekk det berre eit par dagar før eg var i gang med behandlinga, seier Caroline Markhus Svan, som er oppvaksen på Sørstranda.

Då ho var ferdig utdanna innan hudpleie, tok ho over ein salong i Etne, men avslutta her som 19-åring for å verva seg til Forsvaret. Etter det har ho tatt påbygg, og jobba litt av og på innan bransjen sidan den gong. I fjor bestemte ho seg for å satsa fullt og heilt på dette, og bestemte seg for å starta for seg sjølv.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS