Nybygget kjem opp vegg i vegg med Ølen Betong sitt anlegg i Haugaland Næringspark.
Næringsliv
Ølen Betong får ny nabo i næringsparken
Onsdag vart det første spadestikket tatt for det nye signalbygget til Risa AS i Haugaland Næringspark. Anlegget kjem opp vegg i vegg med Ølen Betong sitt store bygg same stad.
Risa er ein av landets største familieeigde anleggsentreprenørar og satsar no stort på Haugalandet.
– Vi gler oss over å kunngjere at vi satsar langsiktig på Haugalandet med eit toppmoderne kombinasjonsbygg. Det nye bygget er ein strategisk satsing og vil styrke vår tilverke i regionen, med ein sentral plassering i Haugaland Næringspark langs E39, seier dagleg leiar i Risa AS, Bjørn Risa.
– Vi ser verkeleg fram til nye kontorfasilitetar og ein moderne verkstad under same tak som både Rental One og Jostein Myge, seier Jon Erlend Sørhaug, prosjektleiar i Risa.