Slik ser industriområdet på Dommersnes ut i dag. Foto: Økland FotoPå lang sikt kan cirka 500 mål bli brukt til produksjon av havvindmøller.
Donmersnes industriområde.

Sa nei til politisk behandling av Dommersnes-søknad

Eit fleirtal i Vindafjord kommunestyre stemte nei til å behandle Dommersnes AS/Windafjord Port sin byggesøknad for fase 1 av planane sine politisk.

Publisert Sist oppdatert

Følgjande forslag blei fremja i ein interpellasjon av Guri Ravatn (SV):

Vindafjord kommunestyre ber om å få søknaden frå Dommersnes AS til politisk handsaming, Søknaden gjeld planering av eit areal på Dommersnes industriområde, med søknad om dispensasjon frå byggje- og deleforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, plan- og bygningslova (pbl) 1-8.»

Forslaget blei stemt ned med fire mot 21 stemmer. Søknaden vil følgeleg bli behandla administrativt som ein vanleg byggesak.

Stort engasjement

Ravatn fekk støtte av Vindafjordlista sine tre representantar. Vikebu Ivar Ødegård haldt eit innlegg på vegne av partiet der han framheva viktigheita av å lytte til lokalsamfunnet i Vikebygd og lokaldemokratiet.

— Dette er ei viktig sak med stort engasjement lokalt, sa Ødegård.

Sjølv om søknaden handla om den planlagde fase 1, som medfører at 54 dekar av det eksisterande industriområdet blir planert ned til kaien sitt høgdenivå, meiner Ødegård det er unaturleg å ikkje ha med seg fase 2 og 3, som betyr utvikling av heile dei cirka 500 mål store området som er regulert til industri, i tankane i denne saka.

Etter møtet sa Ødegård at utfallet var som forventa. Han forstår perspektivet til dei som stemte mot, men for han er dette ikkje ei vanleg byggesak. Som han fortalde i ei lengre sak om prosjektet tidlegare er han spesielt skeptisk til fase 2 og 3.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS