Ingrid Steinsland og Ernst Arne Sælevik samlar informasjn om gamle husmannsplassar på Bjoa og Romsa.
Foto:Irene Mæland Haraldsen
Samlar fakta om husmannsplassar
I eitt år har dei arbeidd med å samla informasjon om gamle husmannsplassar i alle bygdene i Bjoa Sokn og på Romsa. Ennå står det mykje arbeid att før Ingrid (73) og Ernst (68) kan kryssa av siste plass i registreringsboka.
— Me blir vel ferdig ein gong, seier Ernst Arne Sælevik og smiler.
For eitt år sidan starta han og Ingrid Steinsland prosjekt husmannsplassar der målet er å registrera og samla informasjon om alle husmannsplassane i alle bygdene i Bjoa Sokn, frå Saltvik til Sandvik. Ved hjelp av bygdebøker, statsarkiv, kyrkjebøker, gamle offentlege protokollar, festekontraktar og gamle kart nøstar dei seg fram plass for plass gjennom alle gardane langs heile Bjoastrand og på Romsa.
Det er eit skikkeleg detektiv dei to bjoabuane har sett i gang, men den store interessa for lokalhistorie held dei gåande. Registreringsarbeidet byr å mange utfordringar som må løysast. Største utfordringa er å tyda gamle handskrivne dokument, ofte i gotisk skrift, men også kor plassane er å finna i terrenget er eit tidkrevjande arbeid.