Bilete frå arbeidet i Løkjelsvatnet med utskiftinga av den 72 år gamle revisjonsluka i 2022. Adm. dir. John Martin Mjånes i SKL påpeikar at arbeidet dei har fått bot for gjekk på å laga eit nytt kraftverk på sida av det gamle.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
SKL får bot på 1,2 millionar
Sunnhordland Kraftlag må betale eit straffegebyr for alvorlege brot på tryggingskrav.
Sunnhordland Kraftlag må betale eit straffegebyr for alvorlege brot på tryggingskrav.
Kraftlaget har fått eit straffegebyr på 1,2 million kroner av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Bota blir gitt for eit alvorleg tryggingsbrot i bygginga av Løkjelsvatnet kraftverk i Etne kommune.
Utbygginga starta før teknisk plan var godkjend.
– Å byrje å byggje utan å ha godkjent teknisk plan er eit alvorleg brot på dei grunnleggjande krava vi har til damtryggleik. For å vere sikker på at anlegget er trygt må vi vite at dei følgjer krava til byggjeteknisk standard, seier Lars Grøttå, seksjonssjef for damtryggleik i NVE.