Ivelandshuset (til venstre) og den gamle doktorbustaden kan bli selt for 1 kroner, dersom enreprenørane presenterer ei god idel for tomta. Foto: Skjermdump Google Streetview.
Slik ser området ut i dag.Skjermdump Google Streetview.

Vil selja sentrumseigedom til 1 krone

I kommunedirektør Filippo Ballarin si orientering til formannskapet i Etne onsdag, orienterte han om det gamle ivelandshuset og doktorbustaden i Etne sentrum. Har nokon eit godt prosjekt, kan eigedommen ervervast for 1 krone.

Publisert Sist oppdatert

Filippo Ballarin orienterte formannskapet om at administrasjonen ønskjer å lysa ut ein prosjektkonkurranse for ivelandshuset og den gamle doktorbustaden som ligg midt i sentrum i Etne. Konkurransen vil bli utforma slik at det best vurderte innsendte prosjektet vinn konkurransen, og får dermed kjøpa eigedommen for 1 kroner. Dette er under føresetnad av at dei realiserer prosjektet innan ein viss tidsperiode.

— Slike prosjekt kan til dømes vera leilegheiter, rekkehus eller andre spennande byggjeprosjekt. Dette er ein konkurranse for entreprenørar som har ein god idé, og eg gler meg til å sjå kva som kjem inn av forslag, seier Ballarin.

Sak i neste formannskap

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS