Vintergrønt og triveleg på grøn juleverkstad
Mange kom då Etne Hagelag inviterte til grøn juleverkstad sist veke. Det var stor overvekt av kvinner, men Aleksander Hovin representerte mennene på beste vis.
På det eine arbeidsbordet i kjellarlokala på Rygg Bedehus var det lagt opp til kransebinding, og på det andre kunne ein laga såkalla mosekuler eller andre produkt med mose.
Aleksander Hovin byrja med å laga krans, men han skulle la sin eigen fantasi avgjera kva meir han skulle laga dersom det vart tid til det.
— Eg er her for første gang, og det er kjekt her, seier han.