Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp, t.v.), Wenche S. Lilleland (Ap) og Gustav Løge Fosse (KrF) spar opp fem millionar kroner dei neste to åra til uteområda på Ølen skule og andre skular og barnehagar i kommunen dei neste to åra.
Foto: Svein-Erik Larsen
Fleirtalet vil bruke meir pengar på dei unge
Fleirtalskoalisjonen Sp, Ap og KrF flyttar fleire millionar i retning barn og unge i deira felles budsjettframlegg for Vindafjord i 2024. Dei droppar skulekutt og investerer i utbetringar av uteområde på barnehagar og skular.
24. oktober la kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fram sitt forslag til budsjett i 2024 og økonomiplan 2024-2027, som var utgangspunkt for det politiske budsjettarbeidet. Sp, Ap og KrF har med 13 av 25 representantar fleirtal i Vindafjord kommunestyre, og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i september.
Skrur opp inntektene
I si oppsummering av driftsendringar skriv partia at forslaget deira vektlegg politisk styring, planlegg for demografiske utfordringar som inkluderer integrering og sikring av eit godt oppvekstmiljø.