André Hustoft Nesheim på ein releasekonsert i Oslo i fjor.
Arkivfoto: Marius Nakken Larsen
Kultur
Debuterer på heimebane
22. desember skal tidlegare The Voice-deltakar André Hustoft Nesheim (28) ha konsert i Skjold kyrkje. Dette blir hans første konsert i heimbygda.
— Det blir veldig spennande. Eg gler meg mykje, seier André Hustoft Nesheim (28).
Konserten har fått tittelen Nesten Jul». Hustoft Nesheim har med seg Øystein Folkedal frå Karmøy på piano. Det blir mest julemusikk, men også nokre songar skjoldabuen har skrive sjølv på konserten.
Det er gått over halvanna år sidan Hustoft Nesheim nådde ustslagsrundane av The Voice på TV2. Han omtalar tida sidan som ein blanding av kjekt og krevjande. I starten var det ein del blest, før det var tid for å gjere jobben.