Blir likevel ikkje kutt i Sandeidruta.
M/S Fjordglimt til kai i Sandeid.

Samferdsel

Det blir ingen lokale båt- og busskutt

Fylkestinget har dei siste dagane vore samla til budsjetthandsaming. På sakslista var det ingen forslag til kutt som vedkjem samferdsel i Vindafjord kommune.

Publisert Sist oppdatert

Dette betyr at Sandeid/Vikedal-båten ikkje får endringar, òg det same gjeld bussruter i kommunen. Dette omhandlar òg Kolumbus sine bussruter som går inn i Vestland fylke, som rute 260 mellom Haugesund og Etne.

— Det er ingen kutt til handsaming når det gjeld båttilbudet til Vikedal og Sandeid. Dei kutta som skal behandlast når det gjeld båt vil omhandla fastlandet i Hjelmeland kommune, seier kommunikasjonrådgjevar Morten Nesvik i Kolumbus før fylkestingsmøtet.

Som Grannar nyleg melde var det i fylkesdirektøren sitt framlegg om 2024-budsjettet eit forslag om kutt i hurtigbåtruta mellom Sandeid og Stavanger. I hovudsak at båten ikkje skulle gå inn Krossfjorden, men venda tilbake til Stavanger frå Nedstrand.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS