Det svinga av Belgtøttene
Då Belgtøttene heldt romjulskonsert i Sjøperlo sist torsdag føremiddag, blei det god stemning i lokalet. Dei fleste av dei 30 frammøtte trampa takten, og nokre fekk også svinga seg i dansen.
Sjølv om klink-is og glatt føre kunne ta humøret frå kven som helst torsdag føremiddag, fekk dei som klarte å komma seg til Sjøperlo ein rein musikalsk opptur. I regi av Den kulturelle spaserstokken inviterte Vindafjord bibliotek til romjulskonsert i Sjøperlo Hall, og på scnen stod Belgtøttene. Som alltid leverte dei varene» sine, og det svinga godt frå start til stopp.
— Me er ein fin gjeng som har spelt i lag i over 20 år, sa Unni Marie Lien mens ho introduserte repertoaret dei seks frammøtte Belgtøttene ville framføra i løpet av den neste timen.
I utgangspunktet er dei sju, men Synneva Langhelle frå Ølen var for høvet bortreist og melde pass denne gong. Resten av gjengen skulle ein ut frå namnet å døma tru var damer, sidan dei kallar seg tøtter», men det stemmer altså ikkje. Både bassist Jan Husebø frå Ølen og toradarspelar Roger Løkken frå Vikedal er vaskeekte tøtter» dei også, og har vore det sidan starten. Resten av toradarspelarane er Anne-Brith Haakull frå Skjold, Synnøve Nordtveit Hustveit frå Imsland, Åse Jorunn Blikra frå Vikedal og Unni Marie Lien frå Ølen.