Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Forventningar og realitetar
Har du nokon gong blitt skuffa over personar eller situasjonar som ikkje lever opp til forventningane dine? Forventningar til kjærasten, sjefen, naboen eller kollegaen? Kanskje du har forventningar til nokon i familien, som du føler skuffer deg gong etter gong? Kanskje du håpar på ein betre relasjon til nokon, som du føler ikkje blir betre? Eg las ein gong at avstanden mellom forventningar og opplevd realitet er skuffelse. Og, at det ofte er dei uavklarte forventningane som skapar skuffelsen.
For kort tid tilbake hadde eg og ei venninne ein god prat om nettopp desse forventningane. Ho fortalde meg at ho opplever mykje konflikt og stress i familien, særleg ved julehøgtida. Likevel har ho så lenge ho kan hugse, alltid hatt skyhøge forventningar om at dette året skal bli den perfekte jula. Ho såg for seg ein julekveld med ro og harmoni, latter, ingen diskusjonar og null stress. Dessverre, vart ho skuffa år etter år. Skuffa over korleis jula enda opp med å bli. Det var jo ikkje dette ho hadde sett for seg. Etter ei stund bestemte ho seg for å leggje lista lågt. Ho bestemte seg for å akseptere at det var slik det var. Jula heime bestod ikkje av ro eller harmoni. Det var diskusjonar, høgt stressnivå, negative personar og relasjonar ho skulle ynskje var betre. Ho aksepterte det og satt ned forventningane, for sin eigen del. For då slapp ho å bli skuffa gong etter gong, og skuffelsen vart mindre.
Eg trur mange kan kjenne seg igjen når det gjeld alle desse forventningane. Om det er forventningar til spesifikke situasjonar eller forventningar til relasjonar. Kanskje du har ein kompis som aldri stillar opp slik du skulle ynskje? Eller eit familieforhold som du går rundt og håpar ein dag skal bli perfekt? Eller ein ferie du hadde sett føre deg skulle bli den beste, men som endar opp i kaos og konflikt?