Kransebinding som hobby
Ho starta med å binda seg ein krans for å pynta opp heime. I dag har Tatjana Konova (37) frå Skånevik tatt hobbyen eit steg vidare og tryllar fram dei vakraste kransar både eige bruk og for sal.
I hobbyverkstaden til Tatjana Konova heng ferdige kransar på rekkje og rad. Små og store dørkransar, dekorative gravkransar og juledekorasjonar. Og innimellom alt dei grøne står ein vase dekorert med kongler. Alt laga frå botnen av, med material frå skogen, hagen og strandkanten.
— Eg starta for fem år sidan. Eg prøvde først å laga til meg sjølv. Det var veldig spennande og kjekt, seier Tatjana Konova som same året tok kreasjonane sine med seg til årets julemarknad for å visa kva ho heldt på med.
Responsen var god og sidan den gong har utallege kransar og dekorasjonar blitt skapt i verkstaden heime på Mortveit i Skånevik. Det meste for sal, men ein del brukar ho til pynt heime.