Kultur
Pink Floyd» kjem til Skakke
Pink Floyd-prosjektet som kjem til Etne og Skakke består av nokre av dei fremste musikarane Kvinnherad har fostra, og dei lovar ein fullverdig og storslått konsert der dei fyller salen, sjela, og hjarto med musikken til legendariske Pink Floyd.
Konserten markerer den tredje i rekka for Pink Floyd-prosjektet, men det er første gong det blir arrangert i Etne. Storstova i Etne, er ein perfekt arena for konserten som finn stad 17. februar 2024.
Nytt show – kjent musikk
Pink Floyd-prosjektet blir eit heilt nytt show og tar eit skritt vidare frå dei to første konsertane som blei arrangert i Kvinnherad. Dei som opplevde konsertane i 2018 og 2019 vil få heilt nye opplevingar – musikalsk og sensorisk. Konserten vil bli presentert med nytt oppsett, scenografi og dramaturgi. Dei rundt to timane med herleg musikk vil innehalde ei blanding av Pink Floyd-låtar som er blitt framførte før, samt fantastiske verk som dei vil spela for første gong. Arrangørane vil blant anna framføra ein betydeleg del av meisterverket The Dark Side of the Moon».