Sel livsverket til konkurrenten
Slangefirmaet TESS har kjøpt 100 prosent av aksjane i Jans Hydraulikk AS i Ølensvåg.
— Vi har kjent TESS som ein konkurrent gjennom mange år, men no når avgjerda er teken, kjennest det rett og komfortabelt for alle å bli ein del av noko større, seier gründeren Jan Hegerland i ei pressemelding.
Grunnlagt i 1985
Jans Hydraulikk vart grunnlagt i 1985, og var eigd av Jan og kona Grete. Dei to har bygd livsverket saman.