Bil-, hund-, og musikkinteressa til Eric Mills er alle britiske med Land Rover, Cocker Spaniel og Pink Floyd i front.
FOTO: NILS TOKHEIM
Doktor Mills girar ned
Eric Mills (69) har vore lege i Etne sidan 1986. Det blir opptrapping av fritidssyslar no som den godt likte og anglofile firebarnsfaren kun skal vera engasjert i legevakt og bedriftshelseteneste.
Han forsøkte for nokre år sidan å trappa ned, men det gjekk ikkje heilt slik. No, etter 37 år som lege i Etne, ser han fram til å dyrka interessane sine, samt meir kvalitetstid som pappa og ektemann.
Etter namnet å døma er det lett å tru at Eric Mills opphavleg er britisk. Når så Pink Floyd og Land Rover raskt kjem som tema, og familien Mills ikkje har mindre enn tre flotte hundar av rasen engelsk cocker spaniel, så blir det forsterka. Men nei, han er siddis så god som nokon. Oppvaksen på Storhaug i Stavanger.
Rett nok er faren, Eric Mills sr., frå Yorkshire. Sjølv om han er født i 1954, er Eric Mills jr. på ein måte eit barn av andre verdskrigen.