Yrke og utdanning
Elevane trivs i verkstaden
Dei siste åra har teknologi- og industrifag (TIF) blitt blant dei mest populære linjene på Ølen vidaregåande skule (vgs). Tuva Austestad, Emilia Aaserød, Bjørg Ljusnes Sævareid og Sofie Toadalen rosar miljøet på linja.
— Det har vore veldig kjekt så langt, seier Bjørg Ljusnes Sævareid.
Saman med Tuva Austestad, Emilia Aaserød og Sofie Toadalen utgjer ho dei fire jentene i ein VG1-klasse på 15 elevar. Dei synest det er eit godt miljø og legg ikkje så mykje merke til gute-fleirtalet.
Mange moglegheiter