Vidar Maurangsnes (f.v.) og Mona Aksdal hadde med seg dottera Ada på besøk til Edvin Aarak og Iselin Løvhaugen Tveiten og sonen deira Eilev. Para føler at dei har funnet seg eit paradis i rolege Vikebygd.
Foto: Svein-Erik Larsen
Fryktar for bygda si framtid
Vennepara Edvin Aarak (34) og Iselin Løvhaugen Tveiten (35) og Mona Aksdal (35) og Vidar Maurangsnes (36) stortrivst med å ha slått seg ned med barna sine i Vikebygd. Nå er dei redde for at idyllen skal bli øydelagt av Dommersnes-prosjektet.
Dei er uroa over Vindafjord kommune og Westcon sine planar om å utvikle heile det over 500 mål store industriområdet på Dommersnes med tanke på serieproduksjon til havvindnæringa gjennom selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port.
Elskar bygdelivet
Etter sju år i Bergen og utan nokon tilknyting til bygda kjøpte Edvin Aarak frå Haugesund og Iselin Løvhaugen Tveiten frå Stavanger eit småbruk og etablerte seg i Vikebygd i 2019. Dei har to barn. Paret fann seg raskt til rette sosialt og blei blant anna kjende med haugesundaren Mona Aksdal og vikebuen Vidar Maurangsnes. Dei har tre barn og flytta til eit småbruk i Vikebygd frå Frakkagjerd i 2017.