Nils Hoftun (t.v.) og Jos Homan frå Havforskningsinstituttet under ryddearbeidet i Etnevassdraget. Nå er resultata klare.
Arkivfoto: Nils TokheimFOTO: Nils Tokheim
Har fjerna store mengder boss frå Etnevassdraget
Rapporten frå då Havforskingsinstituttet (HI) rydda i Etnevassdraget frå mai til november i 2023 er klar. Totalt blei rundt 660 kilo avfall fjerna frå vassdraget og levert til godkjent mottak i Etne.
Dette opplyser Etne kommune på si nettside.
Av avfallet var cirka 200 kilo plastavfall, 160 kilo restavfall og 300 kilo glas og metall.
Etnevassdraget er eit av dei største vassdraga i den ytre delen av Hardangerfjorden. Vassdraget blei verna mot kraftutbygging i 1993 og er vurdert til å ha høg verneverdi. Det er 37,9 kilometer langt frå den øvste kjelda og har eit nedbørsfelt på 253 kubikkilometer.